Hosea 10:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Israel var eit frodig ¬vintre,som bar mykje frukt.Di meir frukt det bar,di fleire altar bygde dei.Di betre det gjekk deira land,di fagrare steinstøtter laga dei.

2. Hjarta deira er falskt,no skal dei få bøta.Herren skal bryta ned ¬deira altarog øydeleggja ¬deira steinstøtter.

3. Ja, no må dei seia:«Vi har ingen konge,for vi har ikkje hatt age ¬for Herren.Og kongen, ¬kva kan han gjera for oss?»

Hosea 10