Høgsongen 6:7-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

7. Som ei skive av eit granatepleer di panne attom sløret.

8. Seksti dronningar er der,åtti fylgjekonerog terner utan tal.

9. Men berre ei er mi due,mi lytelause, reine,einaste barnet til mor si,gullabarnet åt ho ¬som fødde henne.Møyar ser henne ¬og prisar henne sæl;dronningar og fylgjekoner ¬hyller henne.

10. «Kven er ho ¬som strålar lik ¬morgonroden,fager som fullmånen, ¬skir som solaog ageleg ¬som ein hær under merke?»

11. Eg gjekk ned i natahagen,ville sjå kor det grønkast ¬i dalen,om vintreet hadde sett ¬nye skot,om granataplane blømde.

12. Men før eg vardest,fylgde eg mine hugskotog steig opp ¬i min gjæve frendes vogn.

13. «Snu deg, snu deg, ¬du Sjulam-jente!Snu deg, snu deg, ¬så vi får sjå deg!»«Kvifor vil de sjå ¬på Sjulam-jentanår ho rekkjedansen trør?»

Høgsongen 6