Høgsongen 4:4-8 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Din hals er som Davids-tårnet,bygt til våpenhus.Tusen skjold heng der inne,alle er skjold åt kjemper.

5. Din barm ¬er som to rådyrkalvar,som tvillingar åt ei hind,beitande mellom liljer.

6. Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr,går eg til myrraåsen,til haugen der røykjelse angar.

7. Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad.Det finst ikkje lyte på deg.

8. Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur,kom med meg frå Libanon!Stig ned frå Amanas tind,frå toppen av Senir ¬og Hermon,frå løveheimar, frå panterfjell.

Høgsongen 4