Høgsongen 4:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. Din hals er som Davids-tårnet,bygt til våpenhus.Tusen skjold heng der inne,alle er skjold åt kjemper.

5. Din barm ¬er som to rådyrkalvar,som tvillingar åt ei hind,beitande mellom liljer.

6. Når dagen svalnar ¬og skuggane flyr,går eg til myrraåsen,til haugen der røykjelse angar.

7. Alt hjå deg er fagert, ¬min hugnad.Det finst ikkje lyte på deg.

8. Kom med meg frå Libanon, ¬mi brur,kom med meg frå Libanon!Stig ned frå Amanas tind,frå toppen av Senir ¬og Hermon,frå løveheimar, frå panterfjell.

9. Du har fanga min hug, ¬mi syster, mi brur.Du har fanga min hug ¬med eit einaste augnekast,med ei av lekkjene om din hals.

10. Kor fager din kjærleik er, ¬mi syster, mi brur!Din kjærleik er betre enn vin,og angen av dine salvarmeir ljuvleg enn balsam.

11. Av honning dryp dine lipper, ¬mi brur.Honning og mjølk ¬er under di tunge.Angen av kleda dineer som angen på Libanon.

12. Ein avstengd hage er mi syster, ¬mi brur,ein avstengd hage ¬med kjelda forsegla.

Høgsongen 4