1. Om natta leita eg på lægjetetter han ¬som leikar i min hug.Eg leita, men fann han ikkje.
2. «Eg vil opp ¬og gå ikring i byenog leita på gater og torgetter han som leikar ¬i min hug.»Eg leita, men fann han ikkje.
3. Eg møtte vaktmennene ¬som sveiv ikring i byen:«Har de sett han ¬som leikar i min hug?»
4. Eg hadde ikkje før gått frå dei,så fann eg han ¬som leikar i min hug.Eg tok tak i han ¬og sleppte han ikkjefør eg fekk han inn ¬i huset åt mor mi,i koven åt ho som fødde meg.
5. Eg naudbed dykk, ¬Jerusalems døtrer,ved gasellane ¬og hindane i marka:Vekk ikkje kjærleiken!Eggja han ikkje ¬før sjølv han vil!
6. Kva er det som stig opp ¬frå øydemarkasom ei røyksøyle,omfløymd av angande myrra ¬og røykjelseog kræmarkrydder ¬av alle slag?
7. Sjå, det er Salomos berestolmed seksti kjemper ikringav Israels djervaste menn.
8. Alle er væpna med sverdog vel røynde i strid.Kvar mann ber sverd ved lendtil vern mot skræmsler i natta.