Hebrearane 9:13-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

13. For når blodet av bukkar og oksar og oska av ei kvige gjer heilag og rein i det ytre når det vert skvett på det som er ureint,

14. kor mykje meir skal ikkje då Kristi blod reinsa samvitet vårt frå døde gjerningar, så vi kan tena den levande Gud! For ved ein evig Ande har Kristus bore seg sjølv fram som eit lytelaust offer for Gud.

15. Så er då Kristus mellommann for ei ny pakt. Han døydde, og det vart til utløysing frå misgjerningane i den fyrste pakta, så dei som er kalla, skal få den evige arven som var lova.

16. Det er med pakta som med eit testamente: Det må stadfestast at den som har gjort det, er død.

17. Det tek fyrst til å gjelda når han døyr; det gjeld ikkje så lenge han lever.

18. Difor vart heller ikkje den fyrste pakta innvigd utan blod.

19. For då Moses hadde kunngjort for alt folket alle boda i lova, tok han blodet av kalvane og bukkane saman med vatn, skarlaksraud ull og isop og skvette blodet både på bokrullen og på alt folket

20. og sa: «Dette er blodet til den pakta Gud har fastsett for dykk.»

21. Sameleis skvette han blod på teltet og på alle dei kar som vart nytta i gudstenesta.

22. Etter lova vert mest alt reinsa med blod, og utan at blod vert utrent, får ingen tilgjeving.

23. Så må då dei jordiske bileta av det som er i himmelen, reinsast på denne måten. Men den himmelske heilagdomen må reinsast med betre offer enn desse.

24. For Kristus gjekk ikkje inn i ein heilagdom som er laga av menneskehand og berre er eit bilete av den sanne heilagdomen. Han gjekk inn i sjølve himmelen, og no stig han fram for Guds åsyn for vår skuld.

25. Han gjekk heller ikkje inn for å ofra seg sjølv fleire gonger, liksom øvstepresten kvart år går inn i heilagdomen med blod som ikkje er hans eige.

26. Då måtte han ha lide mange gonger etter at verda vart grunnlagd. Men no, ved enden av tidene, har han openberra seg éin gong for alle for å ta bort synda med sitt offer.

Hebrearane 9