Hebrearane 8:6-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men no har Kristus fått ei mykje større presteteneste; for han er mellommann for ei pakt som er så mykje betre og kviler på betre lovnader.

7. For hadde det ikkje vore noko å utsetja på den fyrste pakta, hadde det ikkje vore grunn til å setja ei anna i staden.

8. Men Gud har noko å utsetja på henne når han seier til folket:Sjå, dagar skal koma, ¬seier Herren,då eg gjer ei ny paktmed Israels ætt og Judas ætt,

9. ei pakt som er annleisenn den eg gjorde ¬med fedrane deiraden gongen eg tok dei i handaog førte dei ut or Egypt.For dei vart ikkje ståande ¬i mi pakt,og eg brydde meg ikkje om dei, ¬seier Herren.

10. Nei, såleis er den pakta ¬eg vil gjeramed Israels folk i dagar ¬som kjem, seier Herren:Eg vil leggja mine bod ¬i hugen deiraog skriva dei i hjarto deira.Eg vil vera deira Gud,og dei skal vera mitt folk.

11. Då skal ingen lenger lærasin landsmann og sin brorog seia: «Kjenn Herren!»For dei skal alle kjenna meg,både små og store.

12. For eg vil sjå på deira urett ¬med miskunnog aldri meir koma deira synder ¬i hug.

13. Når Gud talar om ei ny pakt, har han dermed sagt at den fyrste er forelda. Men det som vert gamalt og forelda, vert snart borte.

Hebrearane 8