Hebrearane 7:8-13 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Elles er det døyelege menneske som tek tiend, men her er det ein som får det vitnemålet at han lever.

9. Ja, i og med Abraham har Levi, han som elles tek tiend, på sett og vis sjølv gjeve tiend.

10. For medan han endå var ein ufødd ætling, var han i ættefar sin då Melkisedek gjekk til møtes med Abraham.

11. Lova som folket fekk, kviler på det levittiske prestedømet. Dersom dette prestedømet hadde ført til fullending, kvifor måtte det då koma ein prest av anna slag, ein som vert kalla prest på Melkisedeks vis og ikkje på Arons vis?

12. Men når prestedømet vert endra, vil det seia at lova òg vert endra.

13. For han som det her er tale om, høyrde til ei anna ætt, og ingen frå den ætta har gjort teneste ved altaret.

Hebrearane 7