Hebrearane 5:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ein øvsteprest vert alltid teken blant menneske og innsett til å gjera teneste for menneske framfor Gud. Han skal bera fram gåver og offer for synder.

2. Han kan vera mild mot dei som feilar og fer vilt, av di han sjølv ligg under vesaldom

3. og difor må bera fram syndoffer for seg sjølv og ikkje berre for folket.

4. Ingen tek seg sjølv den æra, men han vert kalla av Gud liksom Aron.

5. Så har heller ikkje Kristus teke seg den æra å vera øvsteprest. Han fekk henne av Gud som sa til han:Du er son min,eg har født deg i dag.

6. Og som han seier ein annan stad:Du skal vera prest til evig tidpå Melkisedeks vis.

7. Då Jesus levde på jorda, bar han med høge rop og tårer fram bøner og naudrop til Gud som kunne berga han frå døden, og han vart bønhøyrd fordi han hadde age for Gud.

Hebrearane 5