Hebrearane 4:6-16 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Så står det då fast at nokre skal koma inn til kvila. Dei som fyrst fekk den glade bodskapen, kom ikkje inn, for dei var ulydige.

7. Difor fastset han atter ein dag: «i dag», når han lenge etter gjennom David talar det ordet som før er nemnt:I dag, om de høyrer hans røyst,så gjer ikkje hjarto dykkar ¬harde.

8. Hadde Josva ført folket inn til kvila, då hadde ikkje Gud seinare tala om ein annan dag.

9. Så er det då ein kviledag i vente for Guds folk.

10. Den som er komen inn til hans kvile, han får kvila etter sine gjerningar, liksom Gud kvilte etter sine gjerningar.

11. Lat oss difor streva etter å koma inn til denne kvila, så ingen er ulydig og fell. Vi må ikkje ha dei til føredøme som var ulydige i øydemarka.

12. For Guds ord er levande og kraftig og kvassare enn noko tvieggja sverd. Det trengjer igjennom til det kløyver sjel og ånd, merg og bein, og dømer hjartans tankar og planar.

13. Ingen skapning er løynd for hans augo. Alt er nake og bert for han som vi skal gjera rekneskap for.

14. Sidan vi no har ein stor øvsteprest som har gått gjennom himlane, Jesus, Guds Son, så lat oss halda fast på vedkjenninga!

15. For vi har ikkje ein øvsteprest som ikkje kan ha medynk med oss i vår vesaldom, men ein som er prøvd i alt på same måten som vi, men utan synd.

16. Lat oss difor med frimod gå fram for nådens kongsstol, så vi kan få miskunn og finna nåde til hjelp i rette tid.

Hebrearane 4