Hebrearane 4:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Sidan lovnaden om å få koma inn til Guds kvile enno ikkje er oppfylt, må vi vera på vakt, så ikkje det skal henda at nokon av dykk vert liggjande etter.

2. For den glade bodskapen er forkynt både for oss og for dei. Men ordet dei høyrde, gagna dei ikkje, fordi det ikkje ved trua vart eitt med dei som høyrde det.

3. Det er vi som går inn til kvila, vi som trur. For han sa:Så svor eg i min vreide:Dei skal aldri koma inn ¬til mi kvile!Guds verk var nok fullført då verda vart skapt.

Hebrearane 4