Hebrearane 3:6-11 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. Men Kristus var trufast som son, sett til å styra huset. Og hans hus er vi, så sant vi heilt til det siste held fast på frimodet og den vona vi rosar oss av.

7. Difor, som Den Heilage Ande seier:I dag, om de høyrer hans røyst,

8. så gjer ikkje hjarto dykkar ¬hardesom den gongen fedrane ¬dykkar trassa meg,den dagen dei eggja meg ¬i øydemarka.

9. Der eggja dei megog sette meg på prøve,

10. endå dei hadde sett ¬mine gjerningar i førti år.Difor fekk eg uvilje ¬mot denne ættaog sa: Dei fer alltid vilt ¬i sitt hjarta,dei kjenner ikkje mine vegar.

11. Så svor eg i min vreide:Dei skal aldri koma inn ¬til mi kvile!

Hebrearane 3