Hebrearane 3:1-5 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Difor, heilage brør, de som har fått del i det himmelske kallet, sjå på den utsendingen og øvstepresten som vi vedkjennest, Jesus.

2. Han var trufast mot den som gjorde han til det, liksom Moses var trufast i heile Guds hus.

3. Jesus var verdig til å få større ære enn Moses, liksom ein byggmeister får større ære enn huset han byggjer.

4. Eit hus må alltid vera bygt av einkvan; men den som har bygt alt, det er Gud.

5. Moses var trufast i heile Guds hus, som tenar. Han skulle vitna om det som ein gong skulle forkynnast.

Hebrearane 3