13. Og like eins:Eg vil setja mi lit til han. Og endå ein stad:Sjå, her er eg og dei born ¬Gud har gjeve meg.
14. Sidan borna er menneske av kjøt og blod, måtte han òg verta menneske som dei. Såleis skulle han med sin død gjera ende på han som rår ved døden, det er djevelen,
15. og fria ut alle dei som av redsle for døden var i trældom heile sitt liv.
16. For det er ikkje englar han tek seg av, men Abrahams ætt tek han seg av.
17. Difor måtte han verta brørne sine lik i alle ting, så han kunne vera ein miskunnsam og trufast øvsteprest i tenesta for Gud og sona syndene åt folket.
18. Fordi han sjølv har lide og vorte freista, kan han hjelpa dei som vert freista.