Hebrearane 12:6-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

6. For den Herren elskar, ¬tuktar han,og han refser kvar son ¬han tek seg av.

7. At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar?

8. Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.

9. Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet?

10. For fedrane tukta oss berre ei stutt tid etter sitt eige skjøn, men han gjer det til vårt beste, så vi skal få del i hans heilagdom.

11. All tukt tykkjest vel, medan ho står på, å vera meir til sorg enn til glede. Men sidan ber ho freds- og rettferds-frukt hjå dei som er oppøvde med tukt.

12. Difor, rett dei hangande henderog styrk dei skjelvande kne!

13. Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt.

14. Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren.

15. Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta.

16. Sjå til at ingen driv hor og lever gudlaust som Esau, han som selde fyrstefødselsretten sin for eit måltid mat.

17. De veit at då han sidan ville få velsigninga frå far sin, vart han bortvist, endå han gråtande bad om henne. Han fann ikkje høve til omvending.

18. De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm,

19. med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir.

20. For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.»

Hebrearane 12