3. Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.
4. I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet.
5. Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:Son min, vanvørd ikkje ¬Herrens tukt,miss ikkje motet ¬når han refser deg.
6. For den Herren elskar, ¬tuktar han,og han refser kvar son ¬han tek seg av.
7. At de må lida, tener til å oppseda dykk; Gud steller med dykk som med born. Finst det ein son som faren ikkje tuktar?
8. Får de ikkje tukt som alle andre, då er de ikkje søner, men uekte born.
9. Vi har hatt våre jordiske fedrar som tukta oss, og vi hadde age for dei. Skal vi ikkje mykje heller bøya oss under han som er Far til åndene, så vi kan vinna livet?