Hebrearane 12:12-29 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Difor, rett dei hangande henderog styrk dei skjelvande kne!

13. Lat føtene gå rett fram på vegen, så det halte ikkje går or led, men heller vert lækt.

14. Legg vinn på å leva i fred med alle, og streva etter helging; for utan helging skal ingen sjå Herren.

15. Sjå til at ikkje nokon lèt Guds nåde gå frå seg! Lat inga beisk rot få renna opp og gjera skade, så mange vert smitta.

16. Sjå til at ingen driv hor og lever gudlaust som Esau, han som selde fyrstefødselsretten sin for eit måltid mat.

17. De veit at då han sidan ville få velsigninga frå far sin, vart han bortvist, endå han gråtande bad om henne. Han fann ikkje høve til omvending.

18. De er ikkje komne til eit fjell som ein kan ta og kjenna på, med logande eld, med skyer, mørker og storm,

19. med gjallande horn og med ei røyst som tala slik at dei som høyrde på, bad om å få sleppa å høyra meir.

20. For dei kunne ikkje tola det påbodet som vart gjeve: «Om så eit dyr kjem innåt fjellet, skal det steinast.»

21. Ja, så gruvekkjande var synet at Moses sa: «Eg er så redd at eg skjelv.»

22. Nei, de er komne til Sion-fjellet, til den levande Guds by, det himmelske Jerusalem, til dei mange tusen englar, til ei høgtidsstemne,

23. til samlinga av dei fyrstefødde som er oppskrivne i himmelen. De er komne til ein domar som er Gud for alle, til åndene åt dei rettferdige som har nått fullendinga,

24. til Jesus, mellommannen for ei ny pakt og til reinsingsblodet som talar sterkare enn Abels blod.

25. Sjå til at de ikkje viser frå dykk han som talar! Dei som viste frå seg han som tala sitt ord her på jorda, slapp ikkje unna. Endå mindre skal vi sleppa unna om vi vender oss bort frå han som talar frå himmelen.

26. Hans røyst fekk den gongen jorda til å skjelva. Men no har han lova: «Endå ein gong vil eg skaka, ikkje berre jorda, men himmelen med.»

27. Her står det: «endå ein gong». Det syner at det som kan rikkast, fordi det er skapt, skal skiftast ut, så det som ikkje kan rikkast, skal verta ståande.

28. Sidan vi får eit rike som ikkje kan rikkast, så lat oss vera takksame og såleis tena Gud til hans hugnad, med otte og age.

29. For Gud er ein øydande eld.

Hebrearane 12