Hebrearane 12:1-6 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Når vi har så stor ei sky av vitne ikring oss, så lat oss leggja av alt som tyngjer, og synda som har så lett for å hanga ved oss, og med tolmod fullføra det laupet som er lagt framfor oss,

2. med augo feste på han som er trua sin opphavsmann og fullendar, Jesus. For å få den gleda som venta, tolte han krossen utan å bry seg om vanæra, og no har han sett seg på høgre sida av Guds kongsstol.

3. Ja, tenk på han som heldt ut ein slik motstand frå syndarar, så de ikkje skal trøytna og verta motlause.

4. I striden mot synda har de enno ikkje gjort slik motstand at det stod om livet.

5. Har de gløymt dei manande ord som talar til dykk som til søner:Son min, vanvørd ikkje ¬Herrens tukt,miss ikkje motet ¬når han refser deg.

6. For den Herren elskar, ¬tuktar han,og han refser kvar son ¬han tek seg av.

Hebrearane 12