15. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende.
16. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei.
17. I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene,
18. og han som det var sagt til: «Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.»
19. Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.
20. I tru velsigna Isak Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.
21. I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Så bøygde han seg i bøn over knappen på staven sin.
22. I tru tala Josef, då han låg på det siste, om at israelittane skulle gå ut or Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med beina hans.
23. I tru var det at foreldra til Moses gøymde den nyfødde guten i tre månader; for dei såg at det var så vent eit barn. Dei lét seg ikkje skræma av kongens bod.
24. I tru nekta Moses, då han vart stor, å vera dotterson til farao.
25. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn ha ei stuttvarig nyting av synda.