10. For han venta på byen med dei faste grunnvollane, den som har Gud til byggmeister og skapar.
11. I tru fekk òg Sara, gamal som ho var, kraft til å grunnleggja ei ætt. For ho leit på at han som hadde gjeve lovnaden, var trufast.
12. Frå éin mann, som jamvel var utan livskraft, kom det difor ei ætt så talrik som stjernene på himmelen og så tallaus som sanden på havsens strand.
13. I tru døydde alle desse utan å ha fått det som var lova. Dei berre såg det langt borte og helsa det, og dei sanna at dei var framande og utlendingar på jorda.
14. Dei som talar slik, syner at dei søkjer eit fedreland.
15. Om dei hadde tenkt på det landet dei drog ut frå, hadde dei hatt tid til å fara attende.
16. Men no er det eit betre land dei lengtar etter: det himmelske. Difor skjemmest ikkje Gud ved dei, men kallar seg deira Gud; for han har gjort ein by ferdig åt dei.
17. I tru bar Abraham fram Isak som offer då han vart sett på prøve. Einaste son sin var han viljug til å ofra, han som hadde fått lovnadene,
18. og han som det var sagt til: «Det er gjennom Isak du skal få ei ætt.»
19. Han rekna med at Gud hadde makt jamvel til å vekkja opp døde. Difor fekk han sonen att; i dette ligg eit førebilete.
20. I tru velsigna Isak Jakob og Esau med tanke på det som skulle koma.
21. I tru velsigna Jakob, då han skulle døy, begge sønene til Josef. Så bøygde han seg i bøn over knappen på staven sin.
22. I tru tala Josef, då han låg på det siste, om at israelittane skulle gå ut or Egypt, og han gav påbod om kva dei skulle gjera med beina hans.
23. I tru var det at foreldra til Moses gøymde den nyfødde guten i tre månader; for dei såg at det var så vent eit barn. Dei lét seg ikkje skræma av kongens bod.
24. I tru nekta Moses, då han vart stor, å vera dotterson til farao.
25. Han ville heller lida vondt saman med Guds folk enn ha ei stuttvarig nyting av synda.