Hebrearane 10:29-33 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

29. Kor mykje strengare straff tykkjer de ikkje den fortener som har trøtt Guds Son under fot, vanhelga paktblodet som han sjølv vart helga med, og spotta nådens Ande?

30. For vi kjenner han som har sagt: «Straffa høyrer meg til, eg skal gje attergjeld.» Og vidare: «Herren skal døma folket sitt.»

31. Det er fælt å falla i hendene på den levande Gud!

32. Men tenk no attende på den fyrste tida, då de fekk ljoset og sidan heldt ut i dei lidingane de hadde å strida med.

33. Snart vart de hånte og plaga for augo på folk; snart gjorde de sams sak med andre som måtte gå gjennom det same.

Hebrearane 10