2. Ber børene for kvarandre, og oppfyll på den måten Kristi lov.
3. Den som trur han er noko, men ingenting er, han lurer seg sjølv.
4. Kvar skal prøva si eiga gjerning. Han skal ha si ros av det han sjølv har gjort, og ikkje sjå på dei andre.
5. For kvar skal bera si eiga bør.
6. Den som får opplæring i Ordet, skal dela alt godt med læraren sin.
7. Far ikkje vilt! Gud lèt seg ikkje spotta. Det eit menneske sår, skal det òg hausta.
8. Den som sår i sin syndige natur, skal hausta undergang av denne naturen; den som sår i Anden, skal hausta evig liv ved Anden.