Galatarane 5:4-9 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.

5. Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von.

6. For i Kristus Jesus gjer det korkje frå eller til om ein er omskoren eller uomskoren; her gjeld berre tru, verksam i kjærleik.

7. De var komne godt i gang med laupet. Kven er det som har hindra dykk i å vera lydige mot sanninga?

8. Han som kalla dykk, har ikkje overtalt dykk til dette.

9. Litt surdeig syrer heile deigen.

Galatarane 5