1. Til fridom har Kristus frigjort oss. Stå difor støtt og lat ikkje nokon tvinga dykk inn att under trældoms åk.
2. Eg, Paulus, seier dykk: Lèt de dykk omskjera, vil Kristus inkje gagna dykk.
3. Atter slår eg fast at kvar den som lèt seg omskjera, er skuldig til å halda heile lova.
4. De som vil verta rettferdige for Gud ved lova, de er skilde frå Kristus, de er falne ut or nåden.
5. Men vi held oss til trua og ser ved Anden fram mot den rettferd som er vår von.