Galatarane 3:15-25 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Brør, eg tek eit døme frå dagleglivet. Eit lovleg testamente kan ingen gjera om inkje eller gje noko tillegg, endå det er gjort berre av eit menneske.

16. Gud gav lovnadene til Abraham og hans ætt. Det heiter ikkje «til dine ætter», som om det galdt mange, men det vert tala om ein, «til di ætt», og det er Kristus.

17. Det eg vil seia, er dette: Ei pakt som Gud alt hadde gjort, kan ikkje setjast til sides av lova som kom 430 år seinare, slik at lovnaden ikkje skulle gjelda lenger.

18. Får vi arven ved lova, vert han ikkje gjeven på grunn av lovnaden. Men det var då ved ein lovnad at Gud i sin nåde gav arven til Abraham.

19. Kva skulle så lova tena til? Ho vart gjeven som eit tillegg og skulle gjera klårt kva lovbrot er, til dess den ætta kom som lovnaden galdt. Lova vart gjeven ved englar, gjennom ein mellommann.

20. Men ein mellommann trengst ikkje der det berre er éin, og Gud er éin.

21. Er då lova i strid med Guds lovnader? Langt ifrå! For var det gjeve ei lov som kunne gjera levande, då kunne rettferda vinnast ved lova.

22. Men Skrifta har lagt alt under synd, for at dei som trur på Jesus Kristus, ved si tru kan få det som var lova.

23. Før trua kom, vart vi haldne i varetekt under lova; vi var innestengde til dess ho vart openberra, den trua som skulle koma.

24. På den måten var lova vaktaren vår fram til Kristus, for at vi skulle seiast rettferdige ved trua.

25. Men no når trua er komen, er vi ikkje lenger under vaktaren.

Galatarane 3