7. Tvert imot skjøna dei at det var overlate til meg å forkynna evangeliet for dei uomskorne, liksom til Peter for dei omskorne.
8. For han som med si kraft gjorde Peter til apostel for dei omskorne, han gjorde meg til apostel for dei uomskorne.
9. Og då Jakob, Kefas og Johannes, dei som vert rekna for sjølve søylene, skjøna kva nåde eg hadde fått, då gav dei meg og Barnabas si hand til teikn på samfunn. Vi skulle gå til folkeslaga, dei til jødane.
10. Vi skulle berre hugsa på dei fattige, og det har eg alltid lagt vinn på å gjera.
11. Men då Kefas kom til Antiokia, sa eg han imot, beint opp i andletet, for åtferda hans hadde dømt han.
12. Fyrst heldt han måltid saman med dei heidningkristne. Men då det kom nokre frå Jakob, skilde han lag og heldt seg unna, av di han var redd dei omskorne.
13. På same måten hykla dei andre jødekristne, så jamvel Barnabas vart dregen med i hyklinga deira.
14. Men då eg såg at dei ikkje gjekk rett fram etter sanninga i evangeliet, sa eg til Kefas så alle høyrde på: «Når du som er jøde, sjølv ikkje lever som jøde, men som heidning, korleis kan du då tvinga heidningane til å leva som jødar?»