Forkynnaren 9:1-7 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Ja, alt dette ¬la eg meg på hjarta,ville prøva ¬om rettferdige og viseog det dei gjer, ¬er i Guds hand. Inkje menneske kan vita nokoom det som ligg framføre,om det er kjærleik eller hat.

2. Same lagnaden får dei alle,både rettferdige og vonde,den gode og reine ¬og den som er urein,den som ofrar, ¬og den som ikkje ofrar.Sameleis går det den gode ¬og syndaren,sameleis den som sver,og den som er redd for å sverja.

3. Det er det vonde med alt ¬som hender under sola,at alle får same lagnaden.Så lenge menneska lever,er hjarta deira fullt ¬av vondskap og vitløyse.Og sidan må dei fara ¬til dei døde.

4. Det er von for den ¬som høyrer tilmellom alle dei levande.Betre å vera ¬ein levande hundenn ei daud løve.

5. Dei levande veit ¬at dei skal døy,men dei døde ¬veit ingen ting.Dei får ikkje lenger løn,for minnet om dei er gløymt.

6. Deira kjærleik og hat ¬og misunninger ende for lenge sidan.Aldri i æve skal dei få deli alt det ¬som hender under sola.

7. Så gå og et ditt brød ¬med glede,og drikk din vin ¬med godt mot!Gud har då for lenge sidansamtykt i det du gjer.

Forkynnaren 9