6. For alle ting har si tid ¬og sin dom.Det vonde menneska har gjort,kviler tungt på dei.
7. Ingen veit kva som skal henda.Kven kan seia ¬korleis det vil gå?
8. Ingen har makt over vinden,så han kan halda han att.Og ingen rår for sin dødsdag.I krig slepp ingen fri,og vondskap ¬bergar ikkje den gudlause.
9. Alt dette har eg sett.Eg har lagt merke til alt ¬som hender under sola,i ei tid då menneske ¬har makt over andre,så dei kan gjera dei skade.
10. Elles har eg sett at vonde mennvart lagde i grav ¬og gjekk til kvile,medan dei ¬som hadde gjort rett,laut fara bort ¬frå den heilage stadenog vart gløymde i byen.Det òg er fåfengd.
11. Om domen over vond gjerningikkje straks vert sett i verk,får menneska mot ¬til å gjera det vonde.
12. Hundre gonger ¬kan eit menneske syndaog endå få leva lenge.Likevel veit eg at det går godtfor dei som ottast Gud,dei som har age for han.
13. Men den gudlause ¬går det ikkje vel;hans liv vert kort, ¬det er som ein skugge,fordi han ikkje ottast Gud.