Forkynnaren 3:15-22 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

15. Det som er, har eingong vore,og det som skal henda, ¬har hendt før.Gud tek fram att det ¬som kvarv.

16. Elles såg eg under sola:Der retten skulle rå, ¬var vondskap,på rettferds stad var gudløyse.

17. Då tenkte eg med meg:Det er Gud som skal dømabåde rettferdige og vonde.Han har fastsett ei tidfor kvart tiltak og kvar gjerning.

18. Eg tenkte med meg ¬om menneska:Gud prøver dei så dei kan sjåat dei i seg sjølve ¬ikkje er meir enn dyr.

19. Same lagnaden ventarbåde menneske og dyr.Den eine skal døy ¬som den andre,same livsanden har dei alle.Menneske har ingen føremon ¬framfor dyr.For alt er fåfengd.

20. Alle går til same staden.Av jord er alle komne,og til jord skal dei atter verta.

21. Kven veit om menneskeånda ¬stig opp,medan dyreånda ¬fer ned i jorda?

22. Eg såg at det beste ¬mannen kan gjera,er å gleda seg i sitt arbeid;det er den lut han har fått.For kven lèt han sjådet som sidan skal koma?

Forkynnaren 3