4. Så sette eg store ting ¬i verk:Eg bygde hus ¬og planta vingardar,
5. stelte til hagar og parkarog sette alle slag frukttre ¬i dei.
6. Eg bygde dammar til å vatnaein skog med tre ¬som voks opp.
7. Eg kjøpte trælar ¬og trælkvinner,og andre trælar ¬var fødde i mitt hus.Storfe og småfe fekk eg meg òg,i større mengd enn alle deisom levde i Jerusalem før meg.
8. Sølv og gull samla eg meg òg,og rikdom ¬frå andre kongar og land.Eg fekk meg songarar ¬og songarinnerog det som er ein hugnad ¬for menn,kvinner og atter kvinner.
9. Eg vart stor, ¬ja, større enn alle deisom levde i Jerusalem før meg.Men visdomen min ¬heldt eg fast ved.
10. Alt det augo ynskte,lét eg dei få;eg nekta meg inga glede.Hjarta gledde seg ¬over alt mitt strev,og det var løna ¬for all mi møde.
11. Men så gav eg meg ¬til å tenkja overalt det eg hadde gjort ¬med mine hender,det eg hadde streva ¬og slite med.Sjå, alt var fåfengd ¬og jag etter vind.Det er ingenting å vinna ¬under sola.
12. Eg gav meg òg ¬til å tenkja overvisdom, vitløyse og dårskap.Kva skal vel kongens ¬ettermann gjera?Det same som andre har gjort ¬for lenge sidan.