Forkynnaren 2:16-26 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. For minnet om den viselever ikkje lenger ¬enn minnet om dåren.I dagar som kjem,er alt for lenge sidan gløymt.Ja, den vise må døy, ¬han liksom dåren.

17. Då vart eg lei av livet,for eg lika ille ¬det som hender under sola.Alt er fåfengd ¬og jag etter vind.

18. Eg vart lei av alt mitt strev,alt slitet eg har hatt ¬under sola.For alt må eg lata overtil den som kjem etter meg.

19. Kven veit om det vert ein vis ¬eller ein dåresom skal rå over det ¬eg har vunnemed mitt strev og min visdom ¬under sola?Det òg er fåfengd.

20. Då vart eg reint motlausfor alt det strev ¬eg har hatt under sola.

21. For det hender ¬at eit menneske strevarmed visdom, kunnskap ¬og dugleikog må gje det i arv ¬til ein annansom ikkje har hatt noko bry ¬med det.Det òg er fåfengd, ¬ei stor ulukke.

22. Kva har då mennesket attfor alt sitt slit og strevsom han har plaga seg med ¬under sola?

23. Alle hans dagar ¬er fulle av pinsle,og alt det han driv med, ¬valdar sorg.Ikkje eingong om nattafår hjarta hans kvila.Det òg er fåfengd.

24. Det beste eit menneske ¬kan gjera,er å eta og drikkaog unna seg gode dagarmidt i alt sitt strev.Men eg fekk sjå at det ògkjem frå Guds hand.

25. For kven kan utan haneta og vera glad?

26. Ja, Gud gjev visdomog kunnskap og gledetil dei menneske ¬han synest om.Men syndarar gjev han strevetmed å samla og sanka,og sidan må dei gje det alttil dei som Gud synest om.Det òg er fåfengd ¬og jag etter vind.

Forkynnaren 2