Forkynnaren 2:14-19 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

14. Den vise har augo i hausen,medan dåren ferdast i mørker.Men eg skjøna ògat same lagnaden ¬møter dei begge.

15. Då tenkte eg med meg:Som det går dåren, ¬så går det meg òg.Kva skal all min visdom ¬tena til?Eg tenkte med meg:Det òg er fåfengd.

16. For minnet om den viselever ikkje lenger ¬enn minnet om dåren.I dagar som kjem,er alt for lenge sidan gløymt.Ja, den vise må døy, ¬han liksom dåren.

17. Då vart eg lei av livet,for eg lika ille ¬det som hender under sola.Alt er fåfengd ¬og jag etter vind.

18. Eg vart lei av alt mitt strev,alt slitet eg har hatt ¬under sola.For alt må eg lata overtil den som kjem etter meg.

19. Kven veit om det vert ein vis ¬eller ein dåresom skal rå over det ¬eg har vunnemed mitt strev og min visdom ¬under sola?Det òg er fåfengd.

Forkynnaren 2