Forkynnaren 12:9-14 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

9. Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak.

10. Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.

11. Ord av vismenn ¬er som broddar,fyndord i samling ¬trengjer inn som naglar.Dei kjem frå ein ¬og same hyrdingen.

12. Men elles, son min, ¬lat deg åtvara!Det er ingen ende ¬på all bokskrivinga,og mykje gransking ¬leitar på kroppen.

13. Til sist ¬kan alt samlast i dette:Ottast Gud, og hald hans bod!Det bør alle menneske gjera.

14. For Gud ¬skal døma kvar gjerning,halda dom over alt ¬som er løynt,anten det er godt eller vondt.

Forkynnaren 12