Forkynnaren 12:3-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

3. Då skjelv dei som vaktar huset,og dei sterke mennene ¬krøkjest.Dei som mel på kverna, ¬held opp med sitt arbeid,fordi dei har vorte så få;og dei som ser ut ¬gjennom gluggane, dimmest.

4. Begge gatedørene vert ¬stengde,og kvernduren er døyvd;fuglekvitringa tagnar,og alle songmøyane ¬vert lågmælte.

5. Då syter ein for kvar bakke,og skræmsler lurer på vegen.Mandeltreet blømer,grashoppa slepar seg fram,og kapersen misser si kraft.For mennesket går ¬til sin evige bustad;dei som skal gråta, ¬ventar på gata.

6. Ja, tenk på din skaparfør sølvsnora slitnar ¬og gullskåla brest,før krukka går sund ¬attmed kjelda,og hjulet brotnar ¬og fell i brunnen,

7. før støvet vender attende ¬til jorda,og ånda går til Gud, ¬som gav henne.

8. Berre ideleg fåfengd, ¬seier Forkynnaren;alt er fåfengd!

9. Forkynnaren var ein vismann, og han gav folket kunnskap. Han grunda og granska og laga mange ordtak.

10. Forkynnaren la vinn på å finna gode ord og vendingar og skreiv ned det som er rett og sant.

11. Ord av vismenn ¬er som broddar,fyndord i samling ¬trengjer inn som naglar.Dei kjem frå ein ¬og same hyrdingen.

12. Men elles, son min, ¬lat deg åtvara!Det er ingen ende ¬på all bokskrivinga,og mykje gransking ¬leitar på kroppen.

Forkynnaren 12