Filipparane 4:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Difor, mine brør, som eg elskar og lengtar etter, mi glede og min krans, stå faste i Herren, mine kjære!

2. Eg påminner Evodia og Syntyke: De må semjast som kristne!

3. Og så bed eg deg, du som med rette heiter Synzygus, at du må hjelpa desse to. For dei har stridt med meg for evangeliet, saman med Klemens og dei andre medarbeidarane mine, dei som har namna sine skrivne i livsens bok.

Filipparane 4