17. Så sant du held meg for ein bror i trua, så ta imot han som meg sjølv.
18. Har han gjort deg urett, eller skuldar han deg noko, så før det på mi rekning!
19. Dette skriv eg, Paulus, med eiga hand: Eg skal betala. Eg vil ikkje nemna det du skuldar meg: deg sjølv.
20. Ja, bror, lat meg ha gagn av deg i Herren! Gjer meg glad og frimodig i Kristus!
21. I tiltru til din lydnad skriv eg dette til deg; eg er viss på at du vil gjera endå meir enn det eg bed deg om.