Ester 9:4-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

4. For han hadde no mykje å seia i kongsgarden. Og i alle provinsane gjekk det gjetord om at Mordekai fekk meir og meir makt.

5. Med sverd i hand gjekk jødane til strid mot uvenene sine. Dei drap og tynte og gjorde som dei ville med fiendane sine.

6. I Susa-borga drap og tynte jødane fem hundre mann.

7. Dei drap òg Parsjandata, Dalfon, Aspata,

8. Porata, Adalja, Aridata,

9. Parmasjta, Arisai, Aridai og Vaisata,

10. dei ti sønene til Haman Hammedatason, fienden åt jødane. Men eigedomane deira rørte dei ikkje.

11. Same dagen fekk kongen vita talet på dei som var drepne i Susa-borga.

12. Då sa han til dronning Ester: «I Susa-borga har jødane drepe og tynt fem hundre mann og dei ti sønene til Haman. Kva har dei så ikkje gjort i dei andre provinsane mine? Er det endå noko du vil be om, skal det gjevast deg, og er det meir du ynskjer, skal du få det.»

Ester 9