Ester 9:1-3 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

1. Så kom den trettande dagen i den tolvte månaden – det er adar månad – den dagen då ordet og bodet åt kongen skulle setjast i verk. Fiendane åt jødane hadde vona at dei skulle få makt over dei; men no hadde det snutt seg, så det var jødane som fekk makt over fiendane.

2. Jødane samla seg i byane sine i alle dei provinsane kong Xerxes rådde over, og ville leggja hand på alle som ville dei vondt. Det var ingen som kunne stå seg mot dei; for alle folka var gripne av redsle for jødane.

3. Alle styresmennene i provinsane, satrapane, statthaldarane og embetsmennene åt kongen hjelpte jødane, for dei var redde Mordekai.

Ester 9