9. Hatak kom og fortalde Ester kva Mordekai hadde sagt.
10. Då baud Ester Hatak gå til Mordekai og seia:
11. «Alle embetsmennene åt kongen og folket i provinsane veit at om nokon, mann eller kvinne, går inn til kongen i den indre slottsgarden utan å vera kalla, så gjeld ei og same lov for alle: Dei må døy dersom kongen ikkje retter ut gullstaven sin mot dei; då får dei leva. Men no har eg ikkje vorte kalla inn til kongen på tretti dagar.»
12. Då Mordekai fekk høyra kva Ester hadde sagt,
13. bad han dei svara henne så: «Du må ikkje tru at du er den einaste av alle jødar som slepp unna, av di du bur i kongsgarden.
14. For om du teier stilt no, får nok jødane hjelp og berging frå ein annan kant. Men du og ætta di kjem til å gå til grunne. Og kven veit om det ikkje er med tanke på ei tid som denne at du har fått dronningrang.»
15. Då sa Ester at dei skulle svara Mordekai: