3. Og i kvar provins og på kvar stad der kongens ord og bod nådde fram, vart det stor sorg mellom jødane. Dei fasta og gret og jamra, og mange sov på sekkestrie og oske.
4. Ternene og hoffmennene til Ester kom og fortalde henne det. Då vart dronninga redd. Ho sende Mordekai klede som han skulle ha på seg i staden for syrgjebunaden; men han ville ikkje ta imot dei.
5. Så ropa Ester på Hatak, ein hoffmann som kongen hadde sett til å tena henne. Ho bad han gå til Mordekai og spørja kva som var på ferde, og kvifor han bar seg såleis åt.
6. Hatak gjekk ut og fann Mordekai på bytorget framfor slottsporten.
7. Mordekai fortalde då alt som hadde hendt han, og nemnde nøye kor mykje sølv Haman hadde lova å leggja i skattkammeret åt kongen, om han fekk gjera ende på jødane.
8. Han gav han òg ei avskrift av det brevet som hadde vorte utferda i Susa, med bodet om å rydja dei ut. Det skulle han visa Ester og fortelja henne alt. Så skulle han be henne gå til kongen og bønfalla han om å visa nåde og spara folket hennar.
9. Hatak kom og fortalde Ester kva Mordekai hadde sagt.