Ester 4:12-17 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

12. Då Mordekai fekk høyra kva Ester hadde sagt,

13. bad han dei svara henne så: «Du må ikkje tru at du er den einaste av alle jødar som slepp unna, av di du bur i kongsgarden.

14. For om du teier stilt no, får nok jødane hjelp og berging frå ein annan kant. Men du og ætta di kjem til å gå til grunne. Og kven veit om det ikkje er med tanke på ei tid som denne at du har fått dronningrang.»

15. Då sa Ester at dei skulle svara Mordekai:

16. «Gå av stad og få samla alle jødar som finst i Susa, og hald så faste for mi skuld! I tre døger skal de ikkje smaka mat eller drikke, korkje om dagen eller om natta. Eg og ternene mine skal òg fasta på same vis. Med så gjort vil eg gå inn til kongen, endå det ikkje er etter lova. Lyt eg døy, så lat meg døy!»

17. Mordekai gjekk av stad og gjorde i alle måtar så som Ester hadde sagt.

Ester 4