Ester 3:8-12 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

8. Då sa Haman til kong Xerxes: «Her er eit folk som bur spreitt og for seg sjølv mellom dei andre folka i alle provinsane i riket ditt. Lovene deira er annleis enn lovene åt alle andre folk, og dei held seg ikkje etter dei lovene som kongen har gjeve. Det høver ikkje for kongen å la dei stella seg som dei vil.

9. Om kongen så synest, så lat det verta kunngjort i brev at dei skal rydjast ut. Ti tusen talentar sølv skal eg då kunna vega opp til embetsmennene, så dei kan leggja det i skattkammeret åt kongen.»

10. Då drog kongen seglringen av handa si, gav han til Haman Hammedatason av Agag-ætta, fienden åt jødane,

11. og sa til han: «Sølvet skal vera ditt, og med folket kan du gjera som du vil.»

12. Den trettande dagen i den fyrste månaden vart skrivarane åt kongen kalla saman. Og det vart sett opp eit skriv så som Haman baud, både til satrapane åt kongen, til statthaldarane i kvar provins og til hovdingane for kvart folk. Det skulle sendast til kvar provins i den skrifta dei bruka der, og til kvart folk på det tungemålet dei tala. Skrivet vart utferda i namnet åt kong Xerxes og forsegla med den kongelege seglringen.

Ester 3