Ester 2:16-20 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

16. Det var i den tiande månaden, det er tebet månad, i det sjuande styringsåret åt kong Xerxes, at Ester vart henta heim til han i kongsgarden.

17. Kongen fekk Ester meir kjær enn dei andre kvinnene. Ho vann hans godhug og velvilje framom alle hine møyane. Han sette ei kongeleg krone på hovudet hennar og gjorde henne til dronning i staden for Vasjti.

18. Til ære for Ester heldt kongen eit stort gjestebod for stormennene og embetsmennene sine. Han gav skattelette i provinsane og delte ut gåver, som det sømer seg for ein konge.

19. Då det andre gongen vart samla saman ungmøyar, sat Mordekai i porten til kongsgarden.

20. Ester hadde ikkje nemnt noko om ætta si og folket sitt; for det hadde Mordekai sagt at ho ikkje skulle gjera. Ho retta seg etter det Mordekai sa, så som ho hadde gjort medan ho var fosterdotter hjå han.

Ester 2