11. Kvar einaste dag gjekk Mordekai att og fram utanfor tungarden til kvinnehuset. Han ville vita korleis Ester levde, og kva dei gjorde med henne.
12. Den førebuingstida som var fastsett for dei unge møyane, varte tolv månader. I seks månader vart dei stelte med myrrasalve og i seks månader med andre angande salvar. Fyrst når denne tida var over, skulle kvar av møyane gå inn til kong Xerxes.
13. Når ei jente gjekk inn til kongen, fekk ho ta med seg alt ho bad om, frå kvinnehuset til kongsgarden.
14. Om kvelden gjekk ho inn, og om morgonen gjekk ho attende til det andre kvinnehuset. Der hadde Sja’asgas tilsynet, den kongelege hoffmannen som vakta fylgjekonene. Sidan kom ho ikkje inn att til kongen med mindre han hadde lagt slik hug til henne at ho vart kalla til han med namns nemning.
15. Så kom turen til Ester, dotter til Abihajil, som var farbror til Mordekai, fosterfar hennar. Då ho skulle inn til kongen, bad ho ikkje om anna enn det kongsmannen Hegai, han som vakta kvinnene, rådde henne til. Og alle som såg Ester, tykte vel om henne.