17. For åtferda til dronninga vil verta kjend mellom alle kvinner, og dei kjem til å sjå med vanvørdnad på mennene sine og seia: «Kong Xerxes sende bod etter dronning Vasjti, men ho kom ikkje.»
18. Ja, alt i dag vil stormannsfruene i Persia og Media tala såleis til alle stormennene åt kongen, når dei får høyra korleis dronninga har bore seg åt. Og det kjem ikkje til å skorta på vanvørdnad og vreide.
19. Om kongen så synest, så lat det gå ut eit kongebod, og lat det skrivast opp mellom lovene åt persarane og medarane, så det står urikkande fast. Sei at Vasjti aldri meir må syna seg for kong Xerxes, og at kongen vil gje hennar dronningrang til ei anna kvinne, som er betre enn ho.
20. Når så det påbodet kongen sender ut, vert kjent i heile riket, så stort og vidt som det er, vil alle koner syna mennene sine ære, både høge og låge.