Esra 7:2-18 Bibelen 1978-85 Nynorsk (N78NN)

2. son til Sjallum, son til Sadok, son til Akitub,

3. son til Amarja, son til Asarja, son til Merajot,

4. son til Serakja, son til Ussi, son til Bukki,

5. son til Abisjua, son til Pinhas, son til Elasar, son til Aron, øvstepresten.

6. Esra var ein skriftlærd mann og hadde god kjennskap til Moselova, som Herren, Israels Gud, hadde gjeve. Kongen gav han alt han bad om, for Herren hans Gud heldt si hand over han.

7. I det sjuande året Artaxerxes var konge, drog nokre israelittar med prestar, levittar, songarar, portvaktarar og tempeltenarar til Jerusalem.

8. Dei kom til Jerusalem i den femte månaden i kongens sjuande styringsår.

9. Esra hadde avgjort at dei skulle fara frå Babylonia den fyrste dagen i den fyrste månaden, og den fyrste dagen i den femte månaden kom han til Jerusalem. For hans Gud heldt si gode hand over han.

10. For Esra hadde sett seg føre å granska Herrens lov, å fylgja henne og å læra folket i Israel lov og rett.

11. Dette er ei avskrift av brevet frå kong Artaxerxes til presten Esra, den skriftlærde, som var kunnig i dei bod og føreskrifter som Herren har gjeve Israel:

12. «Artaxerxes, kongen over kongane, til presten Esra, den skriftlærde, som er kunnig i lova åt Gud i himmelen.

13. Dette påbodet gjev eg: Alle israelittar, prestar og levittar i kongeriket mitt som vil fara til Jerusalem, kan fylgja deg.

14. For kongen og dei sju rådgjevarane hans sender deg til Judea og Jerusalem. Der skal du røkja etter om tilhøva er i samsvar med lova åt din Gud, som du har hjå deg.

15. Du skal ta med deg sølvet og gullet som kongen og rådgjevarane hans gjev til Israels Gud, han som har bustaden sin i Jerusalem.

16. Du skal òg ta med deg alt sølvet og gullet som du får i provinsen Babylon, og dei gåvene som folket og prestane gjev til huset åt sin Gud i Jerusalem.

17. Desse pengane skal du bruka samvitsfullt og kjøpa oksar, verar og lam, og dei grødeoffer og drikkoffer som høyrer til. Alt dette skal du ofra på altaret i Guds hus i Jerusalem.

18. Resten av sølvet og gullet skal du og brørne dine bruka så som de meiner det er rett etter dykkar Guds vilje.

Esra 7