8. Kongen skal vita at vi har gjort ei ferd til Judea-distriktet, til templet åt den store Gud. Det vert no bygt opp att med tilhogne steinar, og murane vert kledde med tre. Arbeidet vert gjort med iver og har god framgang.
9. Vi tala med dei eldste der og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?»
10. Vi spurde òg kva leiarane deira heitte, for vi ville skriva opp namna og gje dei til deg.
11. Dette var svaret dei gav oss: «Vi er tenarar for han som er Gud i himmelen og på jorda, og vi byggjer opp att det templet som vart reist her for mange år sidan. Det var ein stor konge i Israel som bygde og fullførte det.
12. Men fedrane våre gjorde Gud i himmelen harm. Difor gav han dei i hendene på kaldearen Nebukadnesar, kongen i Babylonia; han øydela templet og førte folket bort til Babylonia.
13. Men i det fyrste året Kyros var konge i Babylonia, baud han at templet skulle byggjast opp att.
14. Kong Kyros tok òg ut or templet i Babylon dei gullkar og sølvkar som hadde høyrt Guds hus til, og som Nebukadnesar hadde ført dit frå templet i Jerusalem. Han gav dei til ein mann som heitte Sjesbassar, som han hadde gjort til statthaldar,
15. og sa: Ta desse kara, far av stad og set dei i templet i Jerusalem! For Guds hus skal no byggjast opp att på same staden som før.
16. Så kom då Sjesbassar til Jerusalem og la grunnvollen til Guds hus. Sidan har dei bygt på det til denne dag; men enno er det ikkje ferdig.»
17. Om kongen så synest, så set folk til å sjå etter i dei kongelege skattkammera i Babylonia om kong Kyros har gjeve påbod om at templet i Jerusalem skal byggjast opp att. Lat oss så få vita kva som er kongens vilje i denne saka.