2. Då gjekk Serubabel, son til Sjealtiel, og Josva, son til Josadak, i gang med å byggja Guds hus i Jerusalem, og dei to Guds profetar var med og stødde dei.
3. Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne deira kom straks til dei og spurde: «Kven har gjeve dykk lov til å byggja dette templet og setja denne muren i stand?»
4. Og dei heldt fram: «Kva heiter dei mennene som set opp denne bygningen?»
5. Men Guds auga vakte over dei eldste mellom jødane. Statthaldaren og mennene hans hindra dei ikkje i arbeidet, for dei ville venta til Dareios hadde fått melding om saka, og dei hadde fått brev frå han.
6. Dette er ei avskrift av brevet som Tattenai, statthaldaren i provinsen vestanfor Eufrat, og Sjetar-Bosnai og embetsbrørne hans, embetsmennene i provinsen, sende til kong Dareios.