3. Men Serubabel, Josva og dei andre ættehovdingane i Israel svara: «Nei, de har ikkje noko med å byggja templet for vår Gud saman med oss. Vi vil vera åleine om å byggja hus for Herren, Israels Gud, så som persarkongen Kyros har gjeve oss påbod om.»
4. Folket i landet gjorde då judearane motlause og skræmde dei bort frå arbeidet.
5. Så lenge Kyros var konge i Persia, og sidan heilt til Dareios fekk makta i landet, betalte dei nokre kongelege rådgjevarar for at dei skulle hindra Juda-folket i å gjennomføra planane sine.
6. Då Xerxes var konge, i fyrstninga av hans styringstid, skreiv folket i landet eit brev og klaga på innbyggjarane i Judea og Jerusalem.
7. Medan Artaxerxes rådde i Persia, skreiv Bisjlam, Mitredat, Tabe’el og embetsbrørne deira til kongen. Brevet var skrive med arameisk skrift og omsett til arameisk språk.
8. Rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai skreiv eit brev til kong Artaxerxes mot Jerusalem.
9. Forutan rådsherren Rehum og skrivaren Sjimsjai var desse med på brevet: dei andre embetsbrørne deira, domarane, sendemennene, dei persiske embetsmennene, mennene frå Uruk og Babylon og elamittane frå Susa,
10. og dei andre som den store og namngjetne Assurbanipal hadde ført bort og late busetja seg i Samaria-byen og elles i provinsen vestanfor Eufrat.
11. Dette er ei avskrift av brevet som dei sende til han:Til kong Artaxerxes, frå tenarane dine, mennene i provinsen vestanfor Eufrat.
12. Kongen skal vita at dei jødane som fór bort frå deg, er komne hit til oss i Jerusalem. Dei byggjer opp att denne vonde og opprørske byen, set murane i stand og vøler grunnvollane.
13. No skal kongen vita at dersom denne byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem folket der korkje til å svara skattar eller avgifter i varer og pengar, og det vil med tida verta til skade for kongane.
14. Etter som vi står i kongens teneste, vil vi ikkje roleg sjå på at kongen lid skade. Difor sender vi melding om dette til kongen,
15. så du kan få røkt etter i årbøkene åt fedrane dine. Der vil du finna og sjå at dette er ein opprørsk by som har vore til skade for kongane og provinsane, og at folket der har gjort oppreist frå gamal tid. Difor vart denne byen øydelagd.
16. Kongen skal vita at dersom byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem du til å missa provinsen vestanfor Eufrat.
17. Kongen sende dette svaret:Til rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og dei andre embetsbrørne deira som bur i Samaria og elles i provinsen vestanfor Eufrat.Ver helsa!
18. Brevet som de sende oss, har eg fått omsett og opplese.
19. Eg sette folk til å granska etter, og dei fann at denne byen frå gamal tid har sett seg opp mot kongane. Det har vore uro og opprør der.
20. Kongane i Jerusalem var mektige; dei rådde over alt landet vestanfor Eufrat og tok inn skattar og avgifter i varer og pengar.