14. Etter som vi står i kongens teneste, vil vi ikkje roleg sjå på at kongen lid skade. Difor sender vi melding om dette til kongen,
15. så du kan få røkt etter i årbøkene åt fedrane dine. Der vil du finna og sjå at dette er ein opprørsk by som har vore til skade for kongane og provinsane, og at folket der har gjort oppreist frå gamal tid. Difor vart denne byen øydelagd.
16. Kongen skal vita at dersom byen vert oppattbygd og murane sette i stand, då kjem du til å missa provinsen vestanfor Eufrat.
17. Kongen sende dette svaret:Til rådsherren Rehum, skrivaren Sjimsjai og dei andre embetsbrørne deira som bur i Samaria og elles i provinsen vestanfor Eufrat.Ver helsa!
18. Brevet som de sende oss, har eg fått omsett og opplese.
19. Eg sette folk til å granska etter, og dei fann at denne byen frå gamal tid har sett seg opp mot kongane. Det har vore uro og opprør der.
20. Kongane i Jerusalem var mektige; dei rådde over alt landet vestanfor Eufrat og tok inn skattar og avgifter i varer og pengar.
21. Sei no frå at desse mennene skal hindrast i arbeidet sitt, så byen ikkje vert oppattbygd før det kjem påbod om det frå meg.
22. Men gå varsamt fram, så de ikkje gjer noko mistak. Elles kunne det verta til endå større skade og tap for kongane.
23. Så snart avskrifta av brevet frå kong Artaxerxes hadde vorte lesen for Rehum, skrivaren Sjimsjai og embetsbrørne deira, skunda dei seg av stad til jødane i Jerusalem og hindra dei med vald og makt.
24. Då stansa arbeidet på Guds hus i Jerusalem, og det låg nede til året etter at Dareios hadde vorte konge i Persia.